Tobacco: Red Bull Snuff

Denne gjekk rett i fletta.
So var det endeleg tid for å teste litt snuff att. Det har vorte ein liten pause no i det siste, delvis grunna dei mange skuffande Silver Dollar snuffane.
I dag er det nok ein burk frå superprodusenten Pöschl Tabak som skal snortast. Og med utelukkande gode erfaringar med tobakk frå Pöschl, reknar eg med at Høvdingen og vil innfri.
“Strong Snuff”, står det på boksen. Det er første gong eg har sett den ordlyden på innpakninga, noko som lovar godt. Boksen er forresten same type som produsenten nyttar til President og Aprikos smakane sine. Og kvifor ikkje? Boksen er praktisk, liten og lekker, men ser betre ut i svart og sølv enn i raudfargen til Red Bull. Men sidan burken har ein teikning av ein indianar med teksten “Chief quality” under, så måtte den vel vere raud, soppass rasistisk må ein kunne vere. Nok om det, lat oss ta eit nasadrag!

Menthollukta snik seg ut av sitt fengsel så fort eg opnar klaffen. Den er kraftig og god, og er dominerande nok til å jage tobakkslukta vekk, for den legg du ikkje merke til. Og ja, Høvding Red Bull er sterk. Nydeleg sterk. Den herlege svien i nasagrevet fortel meg at det er plenty nikotin i denne. Biholene vert opnare enn ein døgnåpen openberring… eller noko slikt.
Snuffen er faktisk so kraftig at eg må kutte litt ned på nasestyvarane. Om eg tek like mykje av denne, og like ofte som eg gjer med dei andre snuffertane, så går det rett i fletta på meg. Nikotinrusen kickar skikkeleg inn, og det er nesten som eg får flashback til tidlegare stygge snuserfaringar, av typen kombinert med alkoholinntak, som har enda særs stygt – etter det eg hugsar.
Men når eg roar inntaket er den knallandes fantastisk. Som andre gode snuffar gir den deg eit kick og set startkablar på topploket ditt. Du vaknar og får lyst å setje deg opp i stolen. Alt kjennes klårare ut. Ei herleg kjensle. Dette var ein herleg snuff, etter alle dei tragiske Silver Dollar-opplevingane.
Pöschl Tabak, eg takkar dykk.
Sterke saker. Blir brukt som bedøvelse for å komme ned fra ayiacha tripp etc av indianer. Skal viss bruke et rør å blåse det inn i nesa eller noe
Snakkar du om snuff generelt no eller om Red Bull? Eg har skrive om kva snuff er før, om du er interessert og lurer. Kan finne att posten til deg i so fall.
You got a 2.28% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd!
Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support the development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!