Er du alltid ærleg?
Ærlegdom: ikkje alltid best?
Ein fyr vart intervjua på radioen i dag, avdi han hadde fått seg ny jobb. Det var ikkje noko spesielt viktig jobb, jobben var utanfor fylket og ikkje var fyren sjølv frå fylket heller, men han hadde jobba her tidlegare. Dette er vel kanskje det vi kallar agurkintervju?
Programleiaren byrja med å spørje kva slags utfordringar fyren såg for seg i den nye jobben. Uten betenkningstid svara han at det kunne han ikkje svare på, for han visste for lite om kva som venta han. Ok, så her har han søkt og fått ein jobb utan å vite kva den dreiar seg om? Eg har full forståing for at ein ikkje kan ha 100% oversikt over korleis det vil vere på den nye arbeidsplassen, men at han ikkje ser for seg noko som helst? Har han søkt jobb i ørska? Er ikkje den nye jobben interessant i heile teke?
Og teikn på at han eigentleg ikkje var så gira på jobben kom fort. Programleiaren spurte nemleg kva som var grunnen til at han hadde teke jobben. Nok ein gang tenkte han seg ikkje særleg om før han svara. Han hadde nemleg søkt jobben for å komme nærare kona. Nok ein gang har eg full forståing for dette. Viss kona hans er halvparten så fantastisk som min betre halvdel er det meir enn god nok grunn. Men er det dette han burde gått ut med på radio? Kva om hans komande undersåttar i den nye jobben høyrte på? Burde han ikkje ha sagt at jobben virka spennande og interessant?
Var dette min sjef og eg hadde høyrt dette hadde eg fått hakeslepp. At nokon så totalt uengasjert skulle kome og regjere over meg hadde vore heilt grufullt. Eg hadde lurt på kva dette ville gjere med motivasjonen på arbeidsplassen. Og kvifor fekk han i det heile teke jobben,
Det er vel og bra å være ærleg, men av og til må ein tenkje seg om og heller ta fram politikarsvara.
Bilete frå: http://www.snagajob.com/resources/how-to-find-a-new-job/
Mannen kan være en utrolig god leder, men helt klart ett slikt intervju setter han ikke foran som en god motivator. Er vel kanskje da man svarer på spørsmålene med litt mer gjennomtenkt svar. Jeg mener. År man skal delta på ett radioprogram vet man jo at det som blir sagt vil bli hørt. Greit å stille litt forberedt og vurdere hva du skal si:-)
Lykke til i nye jobben til han typen, håper han viser deg fort til å være en bedre leder enn han fremstilte seg der som
@everydaycoach
Han er sikkert knall han ja, men han la jo ikkje akkurat opp til den beste byrjinga i nye jobben sin :) Satsar på at ingen av hans komande undersåttar høyrde på han.
Kunne vore verre. Han kunne svart at han ville komme seg vekk frå kona :P
Haha! Heilt sant. Men då hadde det i det minste kunna blitt eit meir morosamt intervju.