APPS: VG TV-guide

in #norway7 years ago

Perfekt app for TV-slavar.

Eg har funne ein knakandes god app for dei av oss som er bestevenn med televisjonsapperaturet. VG har vore so snille at dei har laga eit verktøy som gjer at du aldri kjem til å gå glipp av favorittprogramma dine, så lenge du lever. Og du kjem til å leve lenge, så sunn som du er. Ikkje drikk du kaffi ein gong.

Mange av oss sofaslitarar har nemleg eit stort problem. Vi har for mange tv-kanalar å velje mellom. Det er nærast umogleg å få seg ei fullgod oversikt over kva som går på tv til ei kvar tid. Sjølvsagt kan ein bruke guiden på tv’en, men eg har enda ikkje kome over ein guide som let meg få eit kjapt nok, og godt nok overblikk utan å bla opp og ned og hit og dit.

Når du opnar VG TV-guide kjem du rett inn på ei kanalliste som viser deg kva som går akkurat no, pluss dei 2 neste programma kanalen viser. Du kan sjølv bestemme kva kanalar du vil ha på denne lista.

Dersom du trykker på ein kanal kjem det opp dagens program. Du kan også sjå fullstendig programoversikt ei veke fram i tid. Du kan også markere om dette er eit favorittprogram (1 trykk = 1 stjerne, 2 trykk = 3 stjerner = “favorisere” heile serien).

Trykker du inn på eit av programma kjem det opp info om programmet. Du kan då også velje om det skal vere favoritt. Du dele programmet (infoen) via melding/mail og sossemedia, eller du kan leggje inn varsling.

Og med varslingen på plass er du sikker på at du aldri går glipp av nokon godsaker igjen. Men eit spørsmål gjenstår… Varsling på reprisar? Hmmm… Vær obs på at VG TV-guide ikkje er perfekt tilpassa iPhone 4S, for de av dykk fantastiske folk som framleis har det. Men du får fint trykka på avbryt og lagre -knappen nederst.

Tilbake på menyen i venstremargen er det mogleg å søke etter program. Du kan også trykke på ulike kategoriar som “film” og “seriar” for å få opp lister kun med dette. Det er til og med ein eigen “fotball”-kategori i tilfelle du heiter @hopen19 og driv med slikt.

Dersom du trykker på “favoritter” får du opp ei liste over favorittprogramma dine i den næraste tida framover.

Men hei, sjå der du. På tide å svitsje til History og få med seg litt skattejakt. Kva skulle eg gjort uten denne fantastiske og fullstendig GRATISe appen? Her snakkar vi forbetra livskvalitet. Jubalong! Takk VG, eg foretrekk denne appen framfor kjendisnyttet dykkar.

Sort:  

You got a 0.65% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd! Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!

Coin Marketplace

STEEM 0.13
TRX 0.23
JST 0.029
BTC 81031.23
ETH 1551.38
USDT 1.00
SBD 0.73