Blog Transfere: Menneske er svakt, men har potensiale til å bli utruleg sterke!

in #norsk7 years ago

Kva hadde skjedd om om du hadde tatt eit 100% tilfeldig gjennomsnittleg individ ut at samfunnet og plassert individet ute i naturen langt frå sivilisasjonen? Hadde individet overlevd i ein månad? 1 år? Eller kva hadde skjedd om straumen hadde forsvunne frå eit større land området for 1 år? Hadde storparten av folket som bur der overlevd? Kva om ei gruppe på 10 individ vart flytte ut i villmarka, hadde dei klar seg? Menneske som me er idag og korleis me leve er eigentleg ganske merkeleg i kontrast med anna liv på jorda. På ein måte virke det som at me ikkje høyre heime her, men likevel gjere me det. (eller?)

For å ta nokon eksempel så må me ha kler på oss for å ikkje frysa ihel ein del av plassane me bur på. Me har så tynn hud berre små skraper er nokk til at me blør. Me er så lite vande med naturen at det kjennest unormalt å vera lengre periodar ute vekke frå sivilisasjonen. Og me opplever meir og meir av verda gjennom digitale bilete som me har teknologi nokk idag til å generera 100% ut ifrå ikkje eksisterande konstruksjonar. (Matrix anyone?)

Men samstundes så kan me finna individ som klare det utrolega i kontrast med gjennomsnittet. Som berre vise kva potensiale som ligg i oss om me berre går inn for det. Og noko eg innser når eg ser på dei typane personar i forhal til statusen på verda idag er at om me utfordre oss sjølve nokk fysisk i form av å testa kva kroppen vår kan klara om me berre har viljen og trene oss opp til det. Til den grad at me slite på kroppen både fysisk og mentalt. Er at dei personane er veldig greie, snille og som det tilsynelatande ikkje eksistere konflikt rundt. 2 eksempel på det er Courtney Dauwalter og Win Hof.

Då berre tenke eg; kva er forskjellen på dei som utfordre seg sjølv både fysisk og mentalt og dei me høyre om på nyheitene som skapar konfliktar rundt seg? Vel ut i frå mitt inntrykk så er det ein stor del av det at dei veks opp i større byar, har kanskje lite krevjande og lite interessante jobbar og har lite fysisk aktivitet. Det vil då sei at det er nesten ingen måtar å få bruka energien din og utfordra deg sjølv. Noko me alle er konstant på leit etter, og finner me ikkje anna så gå det lett i retning små detaljer som blir til politiske og samfunns konfliktar fordi me bite på med ein gong noko me har ein liten tanke om kjem fram i media.

Så går tanken vidare her: Kva om me hadde klart å endra samfunnet til å fokusera på å finna ut kva me kan gjera, kor langt kan me strekka oss i fysiske og mentale eigenskapar i takt og ilag med naturen? Og då støtta kvarandre i dei retningane kvar valde å fokusera på, kor mykje mindre unyttige konfliktar hadde me hatt i samfunnet då ?

Kjelde: http://josteinzg.blogg.no/1511182234_menneske_er_svakt_men_har_potensiale_til__bli_utruleg_sterke.html (min blogg)

Coin Marketplace

STEEM 0.13
TRX 0.24
JST 0.032
BTC 83855.29
ETH 2119.52
USDT 1.00
SBD 0.94