KVen er eg: Kor stor grad av tankane våre er forma av media
Her er eit utdrag til av "tankeboksen" som er tanken bak nettsida mi: https://kvenereg.wordpress.com
Kjekt om nokon gir tilbakemelding
I ung alder så observere me mykje av kva som skjer rundt oss, noko me i stor grad, ubevisst bruke til å forma våre tanke sett om korleis verda me leve i fungere. Og om ein stor nokk del av tida går på å observera digitale medie; som TV seriar, filmar og spel, så det i tilsvarande stor grad kan forma ein feil visjon av korleis verda faktisk fungere. Som kan ha ein effekt i form av at; visst nokk folk bruker tida på å observera digitale medie, kan det resultera i at me forme samfunnet til å bli det som media fortel oss om samfunnet. Så kor stor grad trur du at du og andre har blitt forma av masse media?
Ein anna ting er det med å ha ei meining med livet og/eller ha eit meinings fullt mål. Og dette er noko me kan få kjensel av via gode seriar og filmar, der me ser andre gå gjennom meiningsfulle utfordringar. Som me då «oppleve» gjennom media og då ikkje tar utfordringa sjølve til å gjera med våre eigne liv. Ein kan sei at media fyller den trongen i oss. Kvifor lar me dette skje?
Ein anna ting eg høyrde som eg synast høyrdes rett ut for meg er at «TV er simulert sosialt samvær». Som kan utvidast til at «elektroniske media er simulert sosialt samvær». Som resultere i mindre lokalt samhald.